Aktive utflukter

Stryn er eit eldorado for den aktive turisten. Aktivitetane er mange og kan tilpassast til alle i familien.

Visit Nordfjord har utarbeida eigne kart for flotte fjellturar som kan passe for alle. 

Skålatårnet i Loen er populært å besøke, turen startar ca 15. minutt frå Visnes Hotel.  

Via Ferrata som er ei klatrerute i Loen, er det nye tilbodet i Stryn. Ta kontakt med Loen Active dersom du vil førehandsbestille – for dette er populært. Her formidlast det også utleige av kajakk og syklar. 

20. mai 2017 opnar ein gondol i Loen, HovenLoen. Ta gondolen opp, nyt den spektakulære utsikta over fjorden, her er tilbud om aktivitetar og restaurant.

På våren er det gode forhold for toppturar på ski. Stryn Sommarski, som ligg i 45 minutters køyreavstand frå hotellet, opnar i slutten av mai. Her er forholda best i mai/ juni.

Vertskapet og dei tilsette på Visnes Hotel vil hjelpe deg og finne den rette turen. 

Sjå bileta her og finn inspirasjon til din tur !

Meir informasjon på www.nordfjord.no 

« Tilbake