Utflukter med bil

Visnes Hotel ligg ved sentrum av Stryn og er eit godt utgangspunkt for mange utflukter. Frå hotellet når du enkelt ut til dei største attraksjonane og opplevingane som norske fjell og fjordar kan by på.

Mot nord kan du blant anna besøke Ålesund, Sunnmørsalpene, Geiranger, Trollstigen og Atlanterhavsvegen.

Tar ein turen vestover, kan ein i løpet av få timar komme seg ut til kysten og oppleve eit landskap som er ulikt det vi har i indre Nordfjord. Fine dagsturar frå Stryn til kysten kan være Stadt, Selje, Selje Kloster, Måløy og Kalvåg.

Sørover kan du besøke Sognefjorden, Fjærland, Bøyabreen og Flåm.

I kortare avstand til Stryn og Visnes Hotel ligg eit av Noregs mest besøkte turistreisemål, Briksdalsbreen. Ein dag i Briksdalen er å anbefale, ein fin tur som passar for alle i familien.

Loen Skylift ligg 10 minutt frå Visnes Hotel, ein tur opp på toppen med gondolen må prøvast!

Den dramatiske Lodalen ligg også i Stryn kommune, og på sommaren kan du ta ein guida båttur på Lodalsvatnet. Breng og Bødalsbreen kan besøkast på turen inn i Lodalen. Familievennlege turar med nydeleg natur og kanskje bading.

I nabokommuna Hornindal ligg Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Ta ein tur for å bade eller sjå etter sjøormen…..Hornindal er også utgangspunkt for mange fine fjellturar, mellom anna til det kjente landemerket Hornindalsrokken. 

« Tilbake