Om vertskapet

Våren 2014 var Visnes Hotel til sals, etter å ha vore drifta av familien Visnes i 6 generasjonar. Med eit ynskje om å kunne drive sjølv og å bidra i den lokale turismen, bestemte ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal seg for å kjøpe hotellet.

Marit er opphavleg frå fjellbygda Vats i Ål i Hallingdal, der ho vaks opp på familiebedrifta Nordheim Fjellstue. Ho har mykje erfaring frå hotel- og restaurantbransjen, og har dei siste 12 åra vore butikksjef på Vinmonopolet i Stryn. Ho har mykje kunnskap og interesse om mat og vin, og har opp i gjennom åra tileigna seg fleire kurs og diplom innan emnet. 

Arvid er oppvaksen på gard i Hornindal, nabokommunen til Stryn. Han har tidligare jobba som snekker, og er i dag distriktssjef i Stihl Norge. Arvid er ein pådrivar for vedlikehald av hotellet, og har i tillegg ei stor interesse for friluftsliv, jakt og fiske. Arvid vil gjerne bidra med sin kunnskap, og har eit ynskje om å kunne utvikle og tilby aktivitetsturisme i nærområdet. 

Ekteparet har alltid vore glad i å reise, og har henta inspirasjon frå både inn- og utland. No er det først og fremst potensialet i den lokale turismen som står i fokus. Marit og Arvid ynskjer å ivareta eit historisk hotel i eit av verdas mest kjente turistområder. Dei vil kunne bidra med god lokal kunnskap om både friluftsliv og historie, og ein lidenskap for mat og vin. 

Velkommen til Visnes Hotel!

« Tilbake