Overnatting

Visnes Hotel held ope for overnatting 5 månader i året, frå midten av april til midten av oktober.

Vi kan tilby 19 rom, alle individuelt innreidd i nostalgisk stil. 

  • 4 doble rom med bad, balkong med utsikt mot fjorden.
  • 5 doble rom med bad, 4 med utsikt mot hagen, 1 mot fjorden.
  • 2 enkle rom med bad.
  • 2 familierom med bad. Kvart familierom består av to rom med dør mellom og totalt fire eller tre senger. Balkong. 
  • 1 suite med egen liten stue (med mulegheit til ekstraseng ) og stort bad. To balkongar høyrer til suiten, begge med fjordutsikt.
  • 4 familierom på loftet på låven. Alle med bad og god plass til 4 personer. Eigen uteplass nedanfor.
  • Hytte ved hotellet: Historisk Nordfjordstove med to soverom, bad, kjøkken og tvstove. Fint for ein familie, eller vennepar. plass til 4-5 personer.

Romma har ikkje tv, då vi ynskjer å behalde ein historisk stil. Det er tv i biblioteket i første etasje på hotellet, og her samlast gjerne gjestene om kvelden. Vi tilbyr gratis wifi-tilgang til våre gjester.

Romma har hårfønar og toalettartiklar, og alle sengene er nye frå sesongen 2015. Kaffi og te kan gjestene forsyne seg med i 1. etasje ,der altanen og stovene står til fri disposisjon for alle våre gjester. 

Frukost serverast i spisesalen. Vi har mange spreke gjester som vil tidleg opp på fjellturar og andre aktivitetar. Vi er fleksible på tidspunkt for frukost og serverar det etter avtale med gjestane. Vi tilbyr også matpakker til dagens utflukter.

Vi tilbyr no også servicerom til våre gjester, der du kan tørke kle og sko, ta service på sykkel eller ski, og vaske kle.

Kapasitet for grupper: 50 personer. Ta kontakt for tilbod/informasjon. 

booking@visneshotel.no

Tlf 57871087 / 90854362

 

« Tilbake