Mat og Vin

Vi ynskjer å reindyrke den norske kortreiste maten på Visnes Hotel. Med Arvid som jeger har vi tilgang til mykje godt viltkjøtt. I tillegg vil vi hente fisk og skaldyr frå kysten, og aure frå Hornindalsvatnet.

Til selskap setter vi opp ein meny i samråd med gjestene. Vi er kjent med klassiske rettar og tilbyr gjerne gode tre-retters menyar.

Marit har med sin bakgrunn frå Vinmonopolet god kunnskap om vin. Ho er utdanna frå Wine Education trust sitt program «Exploring Wine and Spirits» og har den internasjonale WSET eksamen. I tillegg har ho studert og fordjupa seg i viner frå Burgund.

Marit vil bruke sin kompetanse på Visnes Hotel, og er ofte å finne i restauranten. Dersom de ynskjer eigne opplegg med vinsmaking for vennegjengen eller bedrifta sin sommarfest, så ta kontakt.

« Tilbake