Velkommen til Visnes Hotel Stryn

Eit historisk hotel frå 1850, der mykje av den gamle historia er bevart. Ei unik oppleving i storslått natur! Visnes Hotel Stryn ligg 500 meter frå Stryn sentrum og midt i mellom dei store attraksjonane på Vestlandet. Eit opphald på Visnes Hotel Stryn byr på mange inntrykk frå dei vestnorske fjordane med sin unike natur og kulturhistorie.

Hotellet har 15 rom, alle innreidd i ulik stil med inspirasjon frå mellomkrigstida. Frukosten serverast på «gamlekjøkenet», der vil vertskapet ønske deg velkommen til ein god start på dagen med heimebaka brød og ein prat om dagens utflukt.

Restauranten og altanen er samlingspunkt om kvelden, der vi serverer norsk mat til middag kvar kveld i sommarsesongen. Det er kort veg å rusle ein tur inn til sentrum i Stryn, gjerne via «gamlebrua» og langs Stryneelva. 

« Tilbake

Siste innlegg fra Facebook