IMG_0762_web_marianne-ramstad-malone.jpg
 
 

Overnatting

Visnes Hotel held ope for overnatting fem månader i året, frå midten av april til midten av oktober. Vi har 19 rom, alle individuelt innreidd i nostalgisk stil. Alle sengene er nye og roma har hårfønar og toalettartiklar.

 
LL-Visnes-hotel_16_web.jpg
 
 
LL-Visnes-hotel_22_web.jpg
 

Då vi ynskjer å behalde ein historisk stil, er roma fri for tv. Om du likevel vil sjå favorittprogrammet finn du tv i biblioteket i første etasje. Her samlast gjerne gjestene om kvelden. Når du sjekkar inn får du gratis wifi-tilgang.

Om du har behov for å vaske eller tørke kle og sko, ta service på sykkel eller ski, kan du gjere det i serviceromet i underetasjen.

 
LL-Visnes-hotel_14_web.jpg
 

Frukost når det passar deg

Frukost vert servert i spisesalen. Vi har mange spreke gjester som vil tidleg opp på fjellturar og andre aktivitetar. Vi er derfor fleksible på tidspunkt for frukost - og serverer etter avtale med deg. Vi tilbyr også matpakkar til utflukter.
Kaffi og te kan du forsyne deg med i 1. etasje, der altanen og stovene står til fri disposisjon. 

 
suiten balkong.jpg

Romkategoriar

  • 4 doble rom med bad og balkong med utsikt mot fjorden.

  • 5 doble rom med bad, 4 med utsikt mot hagen, 1 mot fjorden.

  • 2 enkle rom med bad.

  • 2 familierom med bad. Kvart familierom har to rom med dør mellom og totalt fire eller tre senger. Balkong.

  • 1 suite med eiga lita stove (plass til ekstra seng) og stort bad. 2 balkongar med fjordutsikt.

  • 4 familierom på loftet på låven. Alle med bad og god plass til 4 personer. Eigen uteplass nedanfor.

  • Hytte ved hotellet: Historisk Nordfjordstove med to soverom, bad, kjøkken og TV-stove. Fint for ein familie, eller vennepar. Plass til 4-5 personer.


Grupper

Vi har kapasitet for grupper på opp til 50 personar.
Ta kontakt for tilbod/informasjon. 

Tlf 57871087 / 90854362 
booking@visneshotel.no