Vandring-pa-Hoven-00177--Foto_Ernst_Riha.jpg
 

Fjellturar

Stryn er eit eldorado for den aktive turisten. Visit Nordfjord har utarbeida eigne kart med flotte fjellturar som kan passe for alle. Vertskapet og dei tilsette på Visnes Hotel kan hjelpe deg og finne den rette turen for deg. 

 
image.jpg
 

Laksefiske

Visnes Hotel tilbyr laksefiske i Stryneelva i perioden juni til august. I Stryn er det lange tradisjonar for fiske etter laks - og vi samarbeider med ivrige fiskarar med god lokalkunnskap. Vi kan hjelpe deg med døgnkort på gode fiskeplassar.

 
jakt_web.jpg
 

Hjortejakt

Frå september til november arrangerer vi hjortejakt med guide for mindre grupper. Visnes Hotel leiger jaktvald i nærområdet, og tilbyr pakkar med full pensjon og ovenatting på hotellet, eller med sjølvhushald i hytta ved hotellet. Kontakt oss for eige prospekt på dette.

 
Photo_-Daan-van-Lierop_Briksdal_Adventure.jpg
 

Olden Active

Olden Active tek deg med på tur i vakre Nordfjord. Bli med på brevandring, kajakkpadling, vandreturar, sykkel-, seilbåt- og RIB-turar. Turar for heile familien.

 
store_fot1.jpg
 

Briksdal

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjester frå heile verda.

 
Lodalen+Ruben+Soltvedt_0.jpg
 

Lodalen

Lodalen er spektakulær, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lågaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er blitt eit ynda fotomotiv. Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen, i Stryn. Brearmane Bødalsbreen og Kjenndalsbreen er tilgjengelege frå denne dalen.

 
6217838.jpg
 

Loen Skylift

Pendelbana Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar.

 
ViaFerrata61_Loen_9500_2500.jpg
 

Loen Active

Loen Active gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Via Ferrata Loen,  kajakkturar, fjellturar med guide, SUP brett, sykling og aktivitetar på fjorden. Om vinteren har dei skøytebane med utleige av skøyter, samt utleige av truger og kjelkar på Hoven.

 
hydlaparken.jpg
 

Hydlaparken

I Hydlaparken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip lines, utfordre deg i pump tracken eller slappe av med ein kopp kaffi. Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget, medan du som berre vil utforske den fantastisk flotte moreneryggen som klatreparken er bygd på kan rusle på stiane og kikke opp i trekrunene. Her finn du aktivitetar for folk i alle aldrar.

 
6222021.jpg
 

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Ved nordsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Nasjonalparksenteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlandskapet tett omringa av frodige dalar og bratte fjell. Dette er eit besøkssenter som formidlar naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring nasjonalparken.

 
Sagastad-Ruben-Soltvedt-II.jpg
 

Sagastad

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

 
image.jpg
 

Geirangerfjorden

Tek du ein dagstur frå Visnes Hotel, finn du Geirangerfjorden - med rette kalla «Perla blant norske fjordar». Den vel 20 km lange fjordarma mellom Hellesylt og Geiranger, er med på UNESCO si verdsarvliste. Her sender imponerande fossar kaskadar av buldrande vatn utfor stupbratte fjellsider, eller kjælar med fjellveggen i tynne, florlette dusjar. På hyller oppe i dei stupbratte fjellsidene ligg dei fråflytte fjell- og fjordgardane og vitnar om ei tid som var.

 
©-Terje-Rakke_sommerski.jpg
 

Stryn Sommerski

På Strynefjellet finn du Stryn Sommerski. Vegen hit er open mellom mai og oktober.
Senteret er plassert på Tystigbreen og byr unike naturopplevingar i sommarsnøen. Stolheisa tek deg opp i brebassenget der du, på eige ansvar, kan køyre fritt. Fallhøyde på til saman 290 meter.