LL-Visnes-hotel_08_web.jpg
 
 

Mat og vin

Vi ynskjer å reindyrke den norske, kortreiste maten på Visnes Hotel. Med Arvid som jeger har vi tilgang til mykje godt viltkjøtt. I tillegg hentar vi fisk og skaldyr frå kysten, og nyttar våre lokale leverandørar.

Til selskap set vi opp ein meny i samråd med gjestene. Vi er kjent med klassiske rettar og tilbyr gjerne gode tre-retters menyar.

Marit har, med sin bakgrunn frå Vinmonopolet, god kunnskap om vin. Ho er utdanna frå Wine Education Trust sitt program «Exploring Wine and Spirits» og har den internasjonale WSET-eksamen. I tillegg har ho studert og fordjupa seg i viner frå Burgund.

Marit vil bruke sin kompetanse på Visnes Hotel, og er ofte å finne i restauranten. Dersom du ynskjer eigne opplegg med vinsmaking for vennegjengen eller bedrifta sin sommarfest, så ta kontakt.

 
 
hjortefilet.jpg
 
 
LL-Visnes-hotel_09_web.jpg
 
 
 
fjellaure.jpg
 

Restaurant

I sommarsesongen, frå midten av juni og til 20. august, tilbyr vi restaurant med a la carte meny kvar kveld mellom 18 og 21. Elles i sesongen, tilbyr vi tre-retters middag til våre buande gjester ved bestilling på førehand.

Sommaren 2023 set vi opp meny med norsk mat, basert på råvarer av mellom anna hjort, lam og aure.

Temakveldar med vin og 5-retters meny blir arrangert i restauranten med jamne mellomrom. Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon.

Vi ynskjer også gjester som ikkje bur på hotellet velkommen til vår sommarrestaurant! Det er best om du då bestiller bord.

 
mellomstua-visnes-hotel-stryn.jpg